Bø skulemusikk har fleire faste oppdrag i løpet av eit år, samt visser rutiner som årleg blir fulgt. Her finn du vonleg svar på det du måtte lure på, både som ny i korpset samt meir erfaren.
Det er tre kategoriar musikantar i Bø skulemusikk:
Nybyrjarar – 1. år: Berre individuell/gruppeundervisning.
Aspriantar – 2. år: Individuell/gruppeundervising samt samspel i aspirantkorpset torsdagar kl.14:45-15:45 på Gullbring (Sminka). Frå og med 17.mai er ein med i hovudkorpset
Korpsmusikantar – 3. år: Individuell/gruppeundervising samt samspel i hovudkorpset torsdagar kl.18:15-20:30 på Gullbring (Storsalen).
August
Kulturskulen har oppstart same veke som skulen.
Loppemarknad er skulemusikken si viktigaste inntekskjelde, og blir arrangert helga etter skulestart. Foreldre og musikantar stiller på dugnad.
Oktober
Me arrangerer korpstreff, der me inviterer korps frå nabokommunane til å spele konsert for kvarandre. I pausa er det pizza og sosialt samvær.
Desember
Joleshow blir arrangert kvart år av kulturskulen. Elevane får vist fram det dei har jobba med på hausten, og foreldre hjelper til med det praktiske. Showet blir vist fredag og laurdag, og veka før er det intens øving kvar dag - med tydeleg plan for kven som skal stille når.
Jolegrantenning er og ein fast tradisjon, der korpset stiller.
Skulemusikken spelar fast på den seiste gudstenesta i Bø kyrkje på joleftan.
Januar
I mange år har skulemusikken reist til Rauland på helgeseminar til Akademiet. Dette skjer som regel i medio januar. Då er det øving på agendaen fredag kveld og laurdag, og skidag i Skisenteret på sundag. Aspirantane er med.
Februar
Årsmøtet blir halde, med konsert av korpset og medaljeutdeling fyrst.
Mars/April
Skulemusikken har dei seiste åra vore med på Hjertnesfestivalen, ein korpskonkurranse i Sandefjord.
Mai
Skulemusikken er sjølvsagte på 17.mai. Dette er også tida for aspirantane å debutere som korpsmusikantar. Nybyrjarane kan marsjere med korpset om dei vil, og vere duskbererar på fana. Etter spelinga blir det servert pizza til alle, på Pizzafjoset.
Konfirmasjonsspeling er fast tradisjon. Skulemusikken spelar for konfirmantane sine, der dei har selskapa sine. Musikantane stiller i uniform og foreldre stiller som sjåførar, organisert av styret. Som takk for jobben er det vanleg at konfirmanten spanderar is eller brus.
Juni
Sommarlandfestivalen er Bø skulemusikk sin eigen festival, og gjeng av stabelen helga etter skuleslutt. Skulemusikken deltek i paraden fredag kveld, der ein og treng duskebærarar. Bø skulemusikk gjeng alltid seist, og marsjerer gjennom gata til Bø torg eller Gullbring. Foreldre stiller til dugnad. Det blir sendt ut eige skriv i god tid, der ein kan melde frå om kva for tider ein ynskjer å bidra på.
Turar/Seminar
Korpset har normalt innanlandstur kvart 4. år og utanlandstur kvart 4. år, slik at det er tur annankvart år. Reisemål blir bestemt av foreldre og styret.
Det året det ikkje er tur, er det helgeseminar i august/september.
Reisemåla på turane våre så langt:
2004: Bournemouth, England
2007: Cape Town, Sør-Afrika (jubileumstur, 40 år)
2009: Blokhus/Aalborg, Danmark (“innanlandstur”)
2011: Gardasjøen, Italia
2013: Blokhus/Aalborg, Danmark (“innanlandstur”)
2015: Lübeck, Tyskland
2017: 50-års jubileum, USA
Økonomi
Kontingenten i skulemusikken er for tida kr. 1600,- pr. år for både nybyrjarar, aspirantar og korpsmusikantar (1400,- for søsken). Dette inkluderer opplæringa i musikkskulen. Opplæring i musikkskulen på andre instrument enn korpsinstrument kostar omlag kr. 1000,- meir.
Korpset subsidierer altså opplæringa i musikkskulen, i tillegg til å stille instrument til disposisjon. Kontingenten blir kravd inn to gonger pr. år, i oktober og mars. Eigendelen for eit helgeseminar er kr. 700,-. Eigendelen på turar varierer på innland/utland. (For turen til USA er den på kr. 4000,-)
Informasjonsarbeid
Heimesida til skulemusikken, www.skulemusikken.no prøver vi å halde aktuell.
Semesterplanen som ligg der skal normalt vere oppdatert til ei kvar tid.
E-post til foreldra er den normale kommunikasjonskanalen frå styret.
Det er derfor viktig at vi har dei rette e-postadressene til alle føresette som skal ha denne informasjonen.
Organisering
Skulemusikken har eit styre og eit driftsutval som du finn under ”Om skulemusikken”. Vedtektene våre gir eit grundig bilde av korleis vi er organisert. Vi trur at nybyrjarforeldre vil ha nytte av å sjå gjennom desse. Du finn dei via ”Om skulemusikken”.
Bø skulemusikk er tilknytta Korpsnett Norge, ein liten, men aktiv og svært nyttig støttespelar for oss. Sjå www.korpsnett.no.